Ottadalen – utgangspunktet for gode ferieminne

Kva skal ein skrive om Ottadalen utan å bruke alle klisjear og flosklar einkvar vil ty til for å marknadsføre området sitt? Svaret er enkelt – det går ikkje an. Det einaste vi kanskje manglar er ein fjord med saltvatn. Men, vegen til fjordane er ikkje lang, vi seier vi har det òg.

Fisking i Sjoa. Foto: Arve Danielsen

Ottadalen kling kanskje heller ukjent som geografisk område eller eit reisemål. Men kva om vi seier Vågå, Lom og Skjåk? Eller Besseggen, Bakeriet og Breheimen? Eller Arne Brimi? Kva med Galdhøpiggen og Glittertind? Jotunheimen? Breheimen? Reinheimen? Det er her, med utgangspunkt i Ottadalen du finn det! Vågå, Lom og Skjåk har faktisk alt du ser etter om du er interessert i natur- og matopplevingar. For ikkje å snakke om kultur. Nå er det ikkje slik at du blir møtt av ein folkemusikar og eit gourmetmåltid når du går til topps på Galdhøpiggen, men det er neimen ikkje langt unna. Du treng iallfall ikkje langt etter det. Ottadalen, om lag 13 mil lang, kan vera utgangspunktet for dei beste ferieminna du nokon gong vil få.

Fjuken