Vilt og snilt på Voss

Det er ikkje mange stader som har meir å finna på enn på Voss. Naturopplevingane er store og aktivitetane står i kø,  frå dei villaste til dei snillaste. Her kan du padla kajakk i Hardangerfjorden eller i Nærøyfjorden, som er ein del av UNESCO sitt verdsarvområde. Ein meir mangfaldig rundtur enn Norway In A Nutshell skal du leita lenge etter.

Du kan ta gondolen frå jernbanestasjonen på Voss og opp på fjellet. Eller du kan reisa til Myrkdalen som har mange aktivitetar på sykkel eller til fots om sommaren. Dei som likar å flyga gjennom lufta med skjerm, har verkeleg kome til rett stad. I elvane kan du padla kajakk eller vera med på rafting. Ein annan ting som er kjekt, er å ikkje gjera nokon ting. Set deg ned på ein kafe og nyt den lokale maten. Eller du kan setja deg ned på ein benk  og sjå på naturen og tenk over kor heldige me er som har ei slikt fantastisk land.

Gondolbanen

Avisa Hordaland