Kystkultur og aktivitetar i Sveio

Kom med telt, hengekøye, bubil eller campingvogn og nyt den vakre naturen i Sveio.

Sveio har ei lang kystlinje, og mange mogelegheiter til å bruka sjøen, til båtliv, bading eller fisking.

Ryvarden Kulturfyr ligg heilt ute i havgapet og er like magisk i fint som i dårleg vêr. 

Rex Garden i Førde er ein spesiell naturpark med fleire tusen rhododendron og treskulpturar rett ved «strando» i Førde – ein perfekt stad å henta energi.

Golfparken i Sveio er kjend for å vera eit av dei beste golfanlegga i Noreg, og har i tillegg flotte turløyper rundt parken.

Ta med familien til ein av Sveio sine flotte badestrender eller turområder, til dømes Kirkegården ved havet i Leirvåg, Holsvika, Selsåsvika og Slettene i Auklandshamn.

Ved Vigdarvatnet kan du få utallige naturopplevingar. Lån deg ein kano av kommunen til padletur, eller prøv fiskelukka.

I heimen til komponisten Fartein Valen, «Valenheimen» i Valevåg, finn ein mykje musikk- og kunsthistorie.

Du kan bestiga fjelltoppar som er med i Tell tur-programmet og byr på nydeleg utsikt.

Bjellandselva er ein flott tilrettelagt tur for store og små.

Linn Therese Erve, ordførar i Sveio

Ryvarden fyr

Vestavind