I Vest-Telemark finst det fotturar for ein kvar sko!

Det unike med vandring i Vest-Telemark er alle historiene! Her tek stigane deg inn i Telemarks kultur, gjennom eit særmerkt og variert landskap. Her kan du vandre over historisk grunn og oppleve mange spanande attraksjonar undervegs.

Vest-Telemark har eit stort nettverk av godt tilrettelagte, skilta og merka turstigar. Det gjer det enkelt og trygt for deg å finne fram. Fargegradering etter vanskegrad gjer det og lettare å velje rett tur for deg og turfølgjet ditt.

Vil du på ein utfordrande topptur eller freistar ei sjarmerande hagebyvandring? I Vest-Telemark kan du velje fritt mellom mange turmoglegheiter og du vandrar ikkje i kø. Me har plass til fleire på stigane våre og har turopplevingar for alle! Fleire av turane er og tilrettelagt for rullestolvandring.

Vår anbefaling er den uslåelege kombinasjonen først yte – så nyte! Etter ein utfordrande tur langs Lårdalstigen, 800 m over Telemarkskanalen, kan du avslutte turopplevinga i kunstverket Soria Moria – med badstoge og eit forfriskande bad.

Velkomen, vandrar!

Utsikt frå Venelifjell i Vrådal. Fotograf: Yngve Ask

Vest-Telemark blad