Fjordkommunen Stranda

Stranda, ein kommune omkransa av fjell og fjord på alle kantar. Vatnet i fjorden er krystallklart, fjellsidene farga så grøne dei berre kan bli. I Stranda er naturen tett på deg overalt. Vil du sjå fjelltoppar finst her Blåfjellet, Kvitegga, Ansokhornet og Grandevassegga. Er du glad i fiske er her vatn og elvar med aure og laks, og fjord med torsk og ål.

Hellesylt

På Hellesylt kan du padle på fjorden, i Geiranger vandre langs Fosseråsa, på Stranda syklar du i fjellet og i Liabygda går du i gamal kystfuruskog. Stranda er landleg og urbant.

I dalane treff du på kyr og sauer som går fritt. I bygdesentera drikk du caffè latte på den lokale kaffibaren. Skulle magen rumle et du pizza, biff eller fisk laga av kortreiste råvarer. Når kvelden kjem og du treng ein stad å kvile kan du sove med elva som næraste nabo, på hotell eller i campingvogn.

Søker du ein stille stad å sove kan ei hytte utan straum og mobildekning, eller overnatting i telt vere det du leitar etter.

Sunnmøringen