Kvinnherad: Der natur og kultur møtest

Legg turen innom Kvinnherad i sommar, men berre viss du er klar til å bli bergtatt. Når du har fått tilbake pusten som fjorden og fjella tok i frå deg, kan du byrja å utforska alle dei andre perlene Kvinnherad byr deg.

Baroniet Rosendal byr på slott og rosehage, også i 2020. Du får landsbykjensla i same bygda, til liks med idyllen på Halsnøy. Fordjup deg i geologihistoria i Steinparken, sluk kunst i Galleri G Guddal, vandra i ruinane på Halsnøy Kloster. Bruk golfbanen på Husnes, fotballgolfbanen i Rosendal eller frisbeegolfbanen på Hatlestrand. Besøk Bondhusvatnet og sjå isbreen som tronar over oss, finn klatreparadiset Uskedalen eller bestig vidgjetne Melderskin – dronninga av Hordalandsfjella. Kom med båt og båthamnene vil ta i mot deg gjestfrie og velutrusta.

Bubilparkeringane er mange og gode, det same er campingane. Det er berre å koma og er verd omvegen. Men bruk først og fremst tid på deg sjølv og selskapet ditt, enten du vil nyta natur, kultur, ro eller mat. I Kvinnherad hjelper me deg med alt dette!

Bondhusvatnet og flotte fjell.

Grenda