Kvam Herad – eit eldorado i Hardanger

Fjord, fjell og fonn. Fossar, tusenvis av frukttre og levande bygder. Det er lett å forstå kvifor Kvam herad, som ligg berre éin time frå Bergen, har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Store delar av Nasjonal Turistveg Hardanger ligg i kommunen, og langs ruta kan du oppleva Steinsdalsfossen – ein verkeleg unik foss du kan gå bak!

Ikkje langt unna ligg Thon Hotel Sandven. Utanfor det historiske hotellet som akkurat har pussa opp, går det dagleg turistbåt ut på Hardangerfjorden. Andre aktivitetstilbod som RIB-tur til spektakulære Fyksesund med Hardangerfjord Adventure, omvising på maritime Hardanger Fartøyvernsenter og/eller eit besøk til Hardanger Akvasenter gjev deg og borna høve til å oppleva verdas vakraste fjord på ein minneverdig måte. Sistnemnde, som er eit visningssenter for lakseoppdrett, har ei moderne utstilling i Øystese.

I same bygg finn du Hardangerbadet – eit heilt nytt badeanlegg perfekt for både store og små. Hardangerfjord Hotel, som nyleg har opna dørene etter omfattande oppussing, ligg vegg i vegg og tilbyr gjestene fri tilgang til badet. Derfrå kan ein gå til kunsthuset Kabuso, med m.a. kafé, skiftande utstillingar og barnekrok. 

Velkomen til Kvam!

Hordaland Folkeblad