Sinksafari og spenstige bygg i Sauda

I 1881 oppdaga husmannen Griggar Sabojen sinkmalm i Allmannajuvet, ei dryg mil aust for Sauda sentrum. Funnet gav opptakten til eit lite gruveeventyr i den tronge fjelldalen, der det i løpet av dei 18 åra det var drift blei henta ut 12 000 tonn sinkmalm. På det meste arbeidde 168 mann i gruvene.

I dag framstår Allmannajuvet som eitt av dei mest spektakulære stoppunkta langs Nasjonale turistvegar. Dei nyreiste bygningane i anlegget er konstruert av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor, som gjennom utforming og materialbruk har prøvd å gjenskapa stemninga frå gruvedrift under harde kår for over 120 år sidan. 

Gjester kan vera med på guida turar langs den gamle stien inn til gruvene, dels hogd inn i fjellsida, og utstyrt med lykt og hjelm vandra 600 meter inn i den eine gruvegangen. 

Kafébygg til venstre, visningsbygg i bakgrunnen. Foto: Frank Waal.

Ryfylke