Vakre Bjørnafjorden. Ro i sjelo

Bjørnafjorden kommune er Vestlandet i miniatyr. 40 minutt frå Bergen sentrum finn du bortgøymde viker og holmar, høge toppar og mjuke turstiar. Her finn du òg lune strender og rike fiskeplassar.

Kystperler som Strøno, Skorpo, Vinnesholmen og Strandvik innbyr til båtliv, padling, bading, fisking og avslapping

Bjørnafjorden har gitt tilreisande ro i sjela i over 150 år.
Ole Bull bygde sommarbustaden sin på Lysøya i Lysefjorden. I dag er Villa Lysø eit museum. Lysøya er verd eit besøk i seg sjølv. Det er òg Solstrand Hotel & Bad, reist av statsminister Michelsen i 1896, i dag eitt av Noregs beste hotell. 

Besøk den gåtefulle madonnaen i Holdhus gamle kyrkje i Hålandsdalen. Eller leig ein oselvar for ein dag (til ein svært billig penge!) og ro utover Bjørnafjorden. 

Osøyro og Eikelandsosen har alle servicetilbod – og kort veg til både restaurantar, gardsutsal og nisjebutikkar med spennande utval.

Vi gler oss til å sjå deg!

Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt. Foto: Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Os og Fusaposten